COOKIE POLICY
Informasjonskapsler er avgjørende for at vi kan yte deg bedre service. Vi lagrer ikke informasjon som kan identifisere deg som person. Du finner mer om cookies under Datasikkerhet

Autoforum sponsoravtaler

Sponsorstønad - AUTOFORUM AS sitt sponsorarbeid

Autoforum AS ynskjer å formidle våre verdiar til kundar, det offentlege og delta i samfunnslivet knytt opp til aktivitetar i Sogn og Fjordane. Vi har sponsorsamarbeid hovudsakleg innanfor idrett og kultur. Vi støttar ikkje religiøse formål, politiske organisasjonar, reiser/turar for privatpersonar eller anna aktivitet som ikkje er open for offentlegheita. 

Gjennom dei sponsoravtalane vi inngår ynskjer vi å styrke våre samarbeidspartnerar og bidra til gjensidig motivasjon. 

Slik kan du søke om sponsorstøtte frå AUTOFORUM:

Skriv ein søknad til oss som inneheld informasjon om:

  • Kva organisasjonen driv med og kontaktinformasjon 
  • Kva beløp de søker om 
  • Korleis de vil nytte den støtta de søker om frå oss
  • Kva for betydning samarbeidet vil ha for organisasjonen og Autoforum 
  • Framtidige mål for organisasjonen 

Alle søknadar med eventuelle vedlegg skal sendast elektronisk til e-post: art@autoforum.sf.no


Vi behandlar søknadar to gongar i året, og har søknadsfrist 01.04 og 01.10.


Har du spørsmål vedrørande sponsorsøknad, kontakt Dagleg leiar Anne Råheim Tveit på 907 93 350.


Nyheter